spacer.png, 0 kB

Neste løp

30. og 31. juli

NM i Rallycross

Dokka, NMK Fluberg

Vinjarmoen Motorbane


Besøkende

Vi har 11 gjester her nå
spacer.png, 0 kB
Held på posisjonane PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sveinung Holten Leifsen   
mandag 02. august 2010 04:42

Daniel blei nummer fire og Ernst nummer åtte, og held posisjonane i NM-samandraget. Daniel leiar sin klasse med eit poeng, medan Ernst har fire poeng å gå på. Første helga i september går finalen på Gardermoen.

Ernst hadde tre niandetider i dei innleiande omgangane.

-Hadde ein dårleg start i C-finalen, betre i B og er nøgd med resultatet.

Holten Leifsen held framleis tredjeplassen samanlagt, og har fire poeng å gå på til Jan Gabrielsen.

-No blir det finpuss på bilen og trening heime på Vikedal Motorbane for å vere best mogeleg rusta til finalen på Gardermoen, seier han.

Daniel var raskast av alle i innleiinga.

-Ja, eg vann både første og andre omgang, og var totalraskast uansett klasse i begge omgangane, og det var eg veldig godt nøgd med, seier han, som peikar på at han nok blei litt for ivrig i finalen.

-Hadde beste startsporet, og kjempa med Trond Marthinsen om å ta leiinga, og blei nok litt for opptatt av å dette  i staden for å sikre andreplassen.

Dermed vart han forbikjørt av konkurrentane, og enda til slutt på fjerde plass. Framleis leiar han NM samanlagt i klassen, men har no berre med eit poeng på Tommy Tesdal.

-Det blir i alle fall ein spanande finale

 

 

Sist oppdatert torsdag 05. august 2010 16:18
 
Klar for fjerde runde PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Daniel Holten   
onsdag 28. juli 2010 10:27

 

 

Daniel og Ernst  er klare for innspurten i NM. I samandraget leiar Daniel minste klassen,  mens Ernst ligg på tredje i toliterklassen. På laurdag køyrer dei fjerde og nest siste runde på Vinjarmoen Motorbane på Dokka.

 

Sist oppdatert onsdag 28. juli 2010 10:34
Les mer …
 
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
 
Joomla Templates by Joomlashack