| Klar for fjerde runde |
|
|
|
| Skrevet av Daniel Holten |
| onsdag 28. juli 2010 10:27 |
|
Daniel og Ernst er klare for innspurten i NM. I samandraget leiar Daniel minste klassen, mens Ernst ligg på tredje i toliterklassen. På laurdag køyrer dei fjerde og nest siste runde på Vinjarmoen Motorbane på Dokka.
Det er Daniel og Tommy Tesdal frå NMK Kvinesdal, som har delt på sigrane så langt i den minste supernasjonalklassen. Tesdal vann runden på Lyngås, mens Daniel vann den første runden i Kristiansand, og den tredje heime på Vikedal Motorbane. Etter dette har Daniel køyrt den svenske EM-runden i Høljes, og blei nummer fire i klassen Divisjon 1A. No er han klar igjen for NM. -Fekk problem med støytdemparane i Høljes, men dei er no i Sverige til overhaling og vil være på plass i bilen igjen før køyringa på Dokka. Vinjarmoen Motorbane på Dokka er eit nytt bekjentskap for Daniel. -Har aldri vore der, men har høyrt at banen er litt svingete, og det skulle vel passe meg og bilen bra, seier han, som håpar på en ny A-finale. -Ein ny A-finale, og ei topp fire plassering er målet. Men eg har tru på at både Rune og Odd Ivar Jøranli frå arrangørklubben kan gjere det godt på ein bane som dei nok kjenner bra. Ernst ligg på tredje plass i samandraget i toliterklassen etter tre rundar, bak Kjetil Nygård og Steinar Stokke. På heimebane i Vikedal var han i A-finalen, men fekk problem med girkassen i sin Ford Fiesta, og blei nummer fem. -Den kilte seg mellom to gir, men det er fiksa no. Før dei to siste NM-rundane i rallycross har Ernst planen klar. -A-finale er målet og så får eg berre jobbe for å plukke mest mogeleg med poeng i dei to siste løpa, og sjå kva det held til til slutt. |
| Sist oppdatert onsdag 28. juli 2010 10:34 |



