spacer.png, 0 kB

Neste løp

30. og 31. juli

NM i Rallycross

Dokka, NMK Fluberg

Vinjarmoen Motorbane


Besøkende

Vi har 2 gjester her nå
spacer.png, 0 kB
Klar for fjerde runde PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Daniel Holten   
onsdag 28. juli 2010 10:27

 

 

Daniel og Ernst  er klare for innspurten i NM. I samandraget leiar Daniel minste klassen,  mens Ernst ligg på tredje i toliterklassen. På laurdag køyrer dei fjerde og nest siste runde på Vinjarmoen Motorbane på Dokka.

 

Sist oppdatert onsdag 28. juli 2010 10:34
Les mer …
 
Daniel nummer fire PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sveinung Holten Leifsen   
mandag 05. juli 2010 11:00

 

Daniel køyrde inn til fjerdeplass under den svenske EM-runden i helga. Etter ei fjerdetid på tidskøyringa, vart han diska i første omgang etter at takspoileren vart målt og funnen for høg. Til slutt vann han B-finalen og kom seg opp i A, og blei beste nordmann i klassen.

 

-Eg vart diskvalifisert fordi eg hadde nokre millimeter for  høg takspoiler, forklarar Daniel, som dermed berre måtte vente til søndag før han kunne prøve seg igjen.

-Me hadde ikkje lov til å fjerne takspoileren, så den måtte me flytte ned.
I andre omgang på søndag blei det ei tolvte  tid, medan det gjekk betre i den siste omgangen.

-Eg kom meg først ut i det heatet og fekk køyre fritt, så det blei mykje betre, seier Daniel, som greidde ei fjerdetid i omgangen, noko som gjorde at han fekk siste sporet i B-finalen.

I B-finalen var han heldig.

-Låg på tredje, men så  skjedde ein del med dei før meg, slik at eg kom meg opp og først i mål.  

Dermed var han klar for sjettesporet i A-finalen.

-Kom meg opp også her og låg på ein tredjeplass, før eg blei forbikjørt og blei nummer fire, seier Daniel, som var kjempenøgd med dette.

-Dette er det største løpet ein kan køyre i rallycross, på ein stor og rask bane. At eg skulle kome så høgt opp er meir enn eg hadde forventa, dette var skikkeleg moro.

 
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
 
Joomla Templates by Joomlashack